Julius - nesten et menneske
Forfattaren Alfred Fidjestøl snakkar om boka si "Nesten menneske - biografien om Julius". I denne boka fortel Fidjestøl om den merkelege og gripande livshistoria til sjimpansen Julius i Kristiansand Dyrepark, samstundes som han ved hjelp av internasjonal sjimpanseforskning prøver å forstå mest mogleg av kva som eigentleg foregår inne i hovudet på ein sjimpanse som Julius.
Sjimpansen Julius fekk ein vond start på livet. Avvist av mora og med ein valdeleg far måtte han flytte inn hos to menneskefamiliar. Gjennom TV blei Julius ein norsk A-kjendis på 80- og 90-talet. Men han sleit med å finne plassen sin i flokken. I dag lever Julius som alfasjimpanse og tobarnsfar. Han er framleis Noregs mest kjende dyr.
Som første dyr i Noreg fekk Julius sin eigen biografi. Ved hjelp av internasjonal sjimpanseforsking prøver Fidjestøl å finne ut kva som går føre seg i hovudet på ein sjimpanse som Julius. Det har blitt ei fascinerande og tankevekkjande historie, om det evige spelet om status og makt, om kjærleikslengt og sex, om einsemd, død og sorg.
Gjennom forteljinga om livet til Julius får vi eit unikt innblikk i kva det vil seie å vere nesten menneske.
Lærerveiledning
Aktuelle læreplaner:
- Norsk på alle nivåer
- Samfunnsfag Vg1 sf/ Vg2 yf
- Historie og filosofi 2
- Kommunikasjon og kultur 1, 2 og 3
- Psykologi 1 og 2
- Naturbasert produksjon
Om utøvere og produsenter
- Arrangert av: Turnéorganisasjonen
- Kunstnere/grupper: Alfred Fidjestøl
Om kunstner / utøver / gruppe
Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut kritikarroste biografiar og historieverk om menneske og kulturinstitusjonar. I 2014 blei Fidjestøl den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. For Nesten Menneske fekk han Språkprisen i 2017.
Fidjestøl er journalist, filosof, biograf og sakprosaforfattar. Han er utdanna cand. philol. med filosofi som hovedfag frå Universitetet i Oslo.
Han har skrive historieverk om Det norske teatret og Norsk kulturråd, og biografi om Per Sivle samt om kretsen rundt Arne og Hulda Garborg.