Tilbake
Skriv ut

Under ein stein

Har du nokon gong løfta på ein stein og sett alt som kravlar og kryp der? Desse småkrypa skal vi sjå nærare på saman med Inger Lise Belsvik. Ho har laga alle teikningane i boka "Under ein stein".

Lærerveiledning

Erna Osland har skrive ei fagbok om virvellause småkryp, som til dømes spretthale, saksedyr, løpebille, skrukketroll, tusenbein og skolopender. Mange dyr likar seg der det er mørkt og vått, og derfor gøymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei. Men så kjem du! Du løftar på ein stein og straks ser du dei: billene, edderkoppane og makkane. Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik og det er ho som tek elevane med på denne "forskingsverkstaden".

Bolk 1

Saman med Inger Lise Belsvik ser elevane på boka ”Under ein stein”. Boka har spesielle litterære og visuelle grep som Inger Lise gjerne viser og deler med elevane. Vi studerer fakta om insekta i boka; tel føter og venger og les høgt saman. Powerpoint av bileta gir oss store, tydelege detaljar, og elevane får lære om korleis ein illustratør jobbar. Både research, teknikkar og fargar er viktige for å få fram eigenartar på krypa. Heile vegen er elevane aktive med munnlege innspel, spørsmål og svar. Undervegs noterer dei idéar til insektskapinga som skal gå føre seg i bolk 2.

Bolk 2 har Inger Lise planlagt slik:

"Nå skal vi velgje oss eit insekt å lage. Kva kan passe til venger; tyll eller netting? 

Korleis får ein fram dei hårete beina til edderkoppen? 

Skal insektet henga frå taket eller stå på bordet? Skal det være naturalistisk eller ein fantasi-kreasjon?

Med dorullar som utgangspunkt for kroppane vel vi materiale til insekta og går i gang, med læraren og Inger Lise som kreative hjelparar. Kanskje blir vi ikkje heilt ferdige, men då held klassen fram i kunst- og handverkstimen sidan.

Viss det blir tid, skal vi til slutt skriva eit dikt eller ein liten historie på 4-5 linjer om insektet vårt. Elevane vel sjølv om dei vil bruke fakta i diktet sitt, eller lage eit fantasi-dikt der alt mogleg kan skje."

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Turnéorganisasjonen
  • Kunstnere/grupper: Inger Lise Belsvik
  • Idé/opplegg: Inger Lise Belsvik

Om kunstner / utøver / gruppe

Inger Lise Belsvik har illustrasjonsutdanning frå Kingston University i England og frå Kunsthøgskolen i Oslo, og jobbar og bur på Bryne i Rogaland. Ho har gjennom dei siste 25 åra illustrert over 30 barnebøker, særleg biletbøker, diktsamlingar og fagbøker. Ho har vunne Kulturdepartementets illustrasjonspris to gonger, samt ei rekkje prisar i Årets Vakraste Bøker. Inger Lise formidlar óg litteratur og illustrasjon, både gjennom Den Kulturelle Skulesekken og på høgskular, med foredrag og verkstad for barn og vaksne.